3. des. 2017

Verda er ein skandale - Ei lita bok om livet på landet - av Agnes Ravatn



«Men mens eg stod der ved kjøkkenbenken og levde ut mitt perfekte landlege instagram-utan-internett-tilvære, tenkte eg altså på kva haken kunne vere.

Ja da, snart kjem hausten mørk og våt og ufyseleg, men det vil jo ikkje kome som noka overrasking. Me har ikkje bil og er temmeleg fastlåste dersom me vil nokon stad. Men det vil me jo ikkje. Og det er kanskje få barn på same alder som guten vår i strøket. Men det hastar ikkje. Enn så lenge er han fornøgd med å bite på øyra til Nasse Nøff-dokka si. Derimot kan eg godt vedgå at eg ber på ein snev av frykt for å bli «gløymd». Det har alltid skine gjennom at om ein skal kunne overleve slik halvegs som kunstnar, iallfall når talentet berre er slik passeleg, så er ein heilt nøydd til å vere ein del av miljøet. Gå på festane, knyte kontaktar, innsmigre seg hos journalistar som vil løfte ein fram, heile tida sørge for å halde namnet sitt varmt. No som eg har flytta, er eg død. Og dei som var så heldige å treffe meg mens eg levde, og som likte meg, vil for lengst ha funne seg ei ny: eit nytt friskt pust frå Vestlandet, med enda skråare blikk enn mitt, yngre, med finare klede og meir naturleg sminke. Det er ingen frøkensport å tilhøyre kultureliten.»

På slutten av boken som sitatet over er hentet fra: Verda er ein skandale – Ei lita bok om livet på landet av Agnes Ravatn, står det at innholdet i boken er lett omarbeidde tekster som tidligere har vært trykt i avisen Dag og Tid. Boken er på 95 sider og jeg har lånt den av biblioteket. Jeg er fan av Agnes Ravatn og vil lese bøker og tekster hun skriver uansett hvor hun bor. Og jeg synes selvsagt at boken var herlig å lese.

 De som vil se Agnes Ravatn i levende live der Einar Økland sier at han ser likheten mellom Agnes Ravatn og Sigrid Undset, kan klikke seg inn på dette innslaget i Norge Rundt – Forfattervenner – anbefales.



 «Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar